You are currently browsing the daily archive for februar 18th, 2008.

Å være syk i et fremmed land var isolert sett ingen kjekk opplevelse. Men sykdommen gav meg anledning til å lese ferdig biografien av Jakob Straume om Johannes Brandtzæg. Ei bok som anbefales! Denne boka gav meg en viktig påminnelse om hva som er min viktigste oppgave i Bolivia, og den har mye å si til den som er med i Guds rike hjemme og! Jeg siterer:

“Kva er den viktigste luten i den kristne forkynninga? Det er dei ledd i i forkynninga som kan løyse sjelene så dei kjem over det vakte stadium og blir frigjorte, og får vissa om at dei står i nåde sjå Gud. Den predikanten som ikkje har sett seg dette mål, og ikkje arbeider for det i klår medvit så langt hans evne og nådegave rekk, han har ennå ikke forstått oppgåva si.

Å tale til vekking er å overtyde om skuld, straff og dom. Dette er heilt naudsynleg. Ve over Kristi kyrkje når prestane og predikantane sluttar å rope til folket: Vakna opp du som søv! Stå opp fra det døde, så Kristus kan lyse for deg! Gud vere takk den forkynnar som har den nåde at Guds ord er i munnen hans  som eld og hammar når det knuser berg.

Men når ikkje forkynnaren lenger enn til å vekkje sjelene, så vert talen hans til slutt til hindring for dei. Til sist vil Moses kome til å løyne Kristus for dei. Då kjem sjelene til å liggje i vekkingskamp og føderier, utan at liv blir født. Mange blir trøytte i denne striden, og går attende til verda.

Som forkynnar har eg funne at dette er den vanskelegaste  lut av forkynning, sa Brandtzæg. I den kristne forkynninga er der ingen ting som satan har så mykje i mot som forkynninga av det frie evangelium i den form som det best kan setje den plaga i fridom, og føde Guds born. Satan har ikkje noko i mot at folk blir vakt, når dei berre ikkje blir frigjorte.

Når predikanten så lett glir bort frå den fulltonande evanglieforkynninga, og blir hengande i vekkingstalen eller fomaninga til dei kristne, så kjem det ikkje berre av at predikanten er ufullkommen. Det kjem også av list og bedrag frå sjelefienden. Det er høgst nødvendig både med vekkingstalen og formaningane, men dei er berre nyttige i same mon som det frigjerande ordet får lyde sterkt og klårt både til dei vakte og til dei kristne.

Her må me merka oss to ting. Lova og forkynninga av lova er førebuing for trua. Slik er den naudsynleg. Slik må den ved Guds nåde haldast fram så fulltonande og kraftig som det er råd. Men me må ha det klart at lova er gitt oss for at me skal ta imot syndstilgjevinga. Når det gjeld å forkynne evangeliet, så kan vel ingen nå høgare enn til det ideal som Paulus stiller opp for oss når han i Galaterbrevet seier at Kristus blei måla for augo deira som korsfesta mellom dei.

Brør som forkynner evangeliet! La folket få sjå Kristus som blei korsfesta. Mål han. Skildra han. La vår velsigna Frelsar stige fram imellom oss. La sjelene få sjå blodbrudgomen. La dei tvilande få sjå naglegapa i hendene hans, og stikke handa si i sida. La dei som kjenner den bitraste sorga, få sjå korleis han kviddest i sjeleangst, skalv og seig saman under den redslefulle vekt av forbanning og straff som blei lagt på han, så dei må forstå at misgjerningane er sona og skulda er betalt.

La han bli forklaringa og stadfestinga av alle Guds lovnader til syndarane, så dei kan få samle seg om han som sette livet til for venene sine. Det finst ikkje sterkare tale om Guds kjærleik, den lange, breie, djupe og høge, enn han, smertenes mann, same kva side ein ser han frå!”

Lykke

Den høyeste lykke i livet er vissheten om å være elsket for sin egen skyld, eller rettere sagt: å være elsket til tross for at man er den man er. Victor Hugo

 

februar 2008
s m t o T f l
« jan   mar »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
242526272829  

a

Blog Stats

  • 28,788 hits